page view image

Haustkonsert med Volve Vokal og Korall

Informasjon
event image

Det kriblar i konsertfoten og det vert alt for lenge for oss å vente heilt til jolekonsert i desember med å syngja for publikum! Vi inviterer difor vener og nye kjenningar til ein aldri så liten haustkonsert i Fana kulturhus. Med oss har vi fått damekoret Korall, som skal til pers i Grieg internasjonale korfestival om kort tid.

Denne kvelden vil Volve Vokal framføre eit lite knippe verk av lokale komponistar, deriblant ei urframføring av Tine Grieg Viigs komposisjon "Stilla og ropet" over diktet av same navn, skrive av forfattar Kaisa Aglen. Korall framfører sitt konkurranserepertoar og du vil få høyre korallane i toppform!

Konsertstart kl. 19:00. Varighet ca 30-45 minuttar. Det er fri entré, men du må hente ut gratisbillett i TicketCo. Hjarteleg velkomen!