© TicketCo AS 2026.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Volve Vokal 20 år
møte tenkje lifse sitje vente drikke hoppe gjere øve øve danse puste løfte vandre vekse springe lese smile dele helse reise kjenne lage sanke samle snuble flyte boble drive fange pleie løyse vinke teikne vatne trene søkke følgje skape klinge svinge lære stige halde hente sende vende løfte bøye rulle nikke leike velje farge byggje binde brenne opne fylle prøve elske vise juble jage dyrke sykle verne hinke lokke kaste sprette trippe telje lytte syngje vere.
19.september 2006 vart Volve Vokal stifta.
19. september 2026 inviterer me til jubileumsframsyning i Håkonshallen.
Dørene opnar kl. 17.30.
Framsyninga kl. 18.00.
___________________
I sal er òg billettar til jubileumsfesten vår: Har du sunge i Volve i tre semester? Tolv? Nitten? Har du hjelpt oss med billettsal? Er du gift med Benedicte? Er du mora til Maren? Har du sete på første rad på alle framsyningane sidan 2015? Var du med oss til Eurovision? Har du sete på bakerste rad på den eine konserten der nesten heile andrealtrekka var sjuke, og det var litt tynt i botnen, men du syntest det var ganske fint likevel?
Då er du òg ein del av organisasjonen vår, og vi ønskjer deg hjarteleg velkomen til jubileumsfesten, som finn stad rett etter konserten. Det blir garantert song, dans og blide menneske – meir informasjon kjem i løpet av sumaren.
(20-års aldersgrense)
Staden for jubileumsfesten vil bli annonsert snart.