Hjelp
© TicketCo AS 2025.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
4. og 5. juni 2025 vert Tsunami presentert i Kongesalen på Cornerteateret i Bergen – ei framsyning som utforskar naturens og menneskets svingingar og endringar. Gjennom musikk, scenografi og sterke kjensler vert publikum invitert inn i eit sansande og kraftfullt rom der det einaste konstante er endring.
Repertoaret består utelukkande av verk skrivne av kvinnelege, nordiske komponistar – frå både kunstmusikk og pop – mellom andre Aurora Aksnes, Emilie Nicolas, Björk og Irene Adolfsen Wenæs. Musikken er valt ut etter tematikk og samtid, heller enn sjanger, og framsyninga gjev rom for store stemningar og emosjonell kraft.
Framsyninga inkluderer urpremieren på Hvor kommer regnet fra? av Irene Adolfsen Wenæs, med tekst av Gro Dahle.
Scenisk vil Tsunami fylle rommet med naturens eigne verkemiddel – som vatn, stein og vind – i eit uttrykk som både utfordrar og omfamnar sansane og kjenslene. Velkomen til ei framsyning som ikkje berre set musikken i sentrum, men som let kjenslene storme – og naturen få tala.
Valfri billettpris - betal det du kan / ynskjer å gje:
Ordinær: 225,-
Alternative priser:
Minipris: 150,-
Støttande: 300,-
Generøs: 375,-
Born som sit på fanget kjem inn gratis.
Velkomen!