Det kvanser seg - 20. april kl 16:30
Volve Vokal har gleda av å invitere til familieframsyninga “Det kvanser seg” - ei framsyning for heile familien - frå veslebror til oldemor - for born frå tre til hundre år!
Informacje
I framsyninga leiker volvene med nyare vokalmusikk og inviterer publikum til å lytte, utforske, sitte i ro, danse, ta og kjenne på, hoppe over og krype under - med musikk og rørsle som rettleiarar.
Bli med å lifse, kvoise og kvanse deg på Bergen barneasyl 20-21. april!
Medverkande:
Volve Vokal
Dirigent: Thea Meidell Sjule
Regissør: Hild C. Vang
Arrangementet er støtta av Bergen kommune.